UTDANNING

Gode sirklar har teke initiativ til ei utvikling som tek for seg heile skulegangen frå barnehage til høgskole- og universitetsnivå. Målet er å utvikle ein kompetansearena der skulane, føresette og næringsliv samarbeider. Tanken er å skape undervising som involverer og motiverer.

Betre kopling mellom skule, samfunn og lokalt næringsliv skal stimulere til yrkesval som sikrar rekrutteringa i regionen. Undervisningsprogrammet til Gode Sirklar femner om heile utdanningsløpet. Det er basert på tanken om Praksisnær undervisning, med ein samfunnsaktiv skule. Læringsarbeidet tek utgangspunkt i deltaking og samarbeid med fagpersonar - ikkje berre på skulen.

EVALUERING 2012

Utdanning er framleis ein viktig del av Gode Sirklar sitt arbeid. I tida framover kan det bli aktuelt å samarbeide med Business Region Bergen, som ønskjer å setje i gang liknande tiltak for å sikre tilgang på kompetanse i framtida. Satsinga på realfag og praksisnær undervising vil vere sentralt i det vidare arbeidet.

Under finn du nokre av prosjekta som har vore gjennomført:




PROGRAM FOR SKULEUTVIKLING (PSU)

Målsetjinga var auka debatt og dialog mellom lærarar og skuleleiarar om haldningar, kultur og verdiar i skulen. Dette var grunnlaget for eit lengre leiarutviklingsprogram.




PRAKSISNÆR UNDERVISNING

Målsetjinga er å gjere realfaget, og etterkvart andre fag, meir tilgjengeleg for elevane. Ved å la elevane få ta del i ei bedrift sine gjeremål, vert det lettare å forstå den teoretiske opplæringa innanfor teknologi og realfag.

TEKNOLOGIBARNEHAGAR

Målsetjinga har vore å auke kompetansen på realfag hjå førskulelærarar og i barnehagar. Straume barnehage satsa på drivhus og vass-system. Vidare vart det pilotbarnehage i kvar av dei tre kommunane. Opplæring har skjedd i samarbeid med Høgskolen i Bergen, som har sett i gang vidareutdanning i realfag for førskulelærarar.



INTERNASJONALISERING

Gjennom fleire år har skular i regionen hatt eit samarbeid med skular i Gdynia i Polen. Elevane har brukt det nettbaserte kommunikasjonsverktyet Active worlds educational universe. Programmet liknar eit dataspel. Spela gjev elevane høve til å byggje opp eigne landsbyar der dei kan vise kvarandre fagprosjekt, snakke saman og t.d vise bilete og nettsider dei har laga. Gode Sirklar har hatt eit samarbeid med datautviklingsbedrifta Turbotapegames, som har stått for opplæringa av elevar og lærarar i Polen og i Noreg.


RESULTAT

I 2008 vart Gode Sirklar sitt undervisingsprogram brukt som modell i Austerrike sitt storstila program for teknologiundervising, Forschung Macht Schule, no Generation Innovation. Frede Thorsheim frå Gode Sirklar held foredrag under opninga av programmet i Wien i april 2008. Han var og rådgjevar for ein delegasjon frå det austerrikske innovasjonsdepartementet som var på studietur i vår region under planlegginga av programmet.