Gode sirklar skal bidra til ei utvikling i mangfald som balanserer mellom moderne urbanisme og tradisjonell bygdekultur. Dette vil gjera regionen vår tiltrekkjande å bu i for alle. For å nå målet om å bli ein spanande region der folk ønskjer å busetje seg, treng vi eit mangfald av kvalitative arbeidsplassar. Næringar knytt til kultur og reiseliv vil skape omdøme av regionen, og ringverknadene vil koma alle næringar til gode.


Gode Sirklar er partnar i arbeidet med å utvikle Straume til eit bysentrum på Sotra, og har vore involvert i ulike prosessar.


Sund, Austevoll, Bømlo og Radøy har gått saman i prosjektet "Ny næring i gamle bygg i strandsona". Prosjektet er støtta av Fylkesmannen i Hordaland og Hordaland Fylkeskommune. Arbeidet vert leia av Asbjørn Stavland for Gode Sirklar. Målet er å få til gode og praktiske ordningar for korleis gamle bygg i strandsona kan verta ein ny ressurs for næringsaktivitet, og resultera i nye retningsliner for framtidig planlegging og forvalting av strandsona. Prosjektet skal realisere 20 pilotar fordelt på kommunane som deltek.


Gode sirklar har fått i oppdrag av Fjell kommune å leggja fram forslag til organisering av drift på Gjerdet kulturminnegard, som samsvarar med dei planar og aktivitetar som er utvikla gjennom verdiskapingsprogrammet til Riksantikvaren. Programmet vart formelt avslutta ved utgangen av 2010. Gode Sirklar har utarbeidd ei tilråding om driftsmodell for garden, som Fjell kommunestyre skal ta stilling til våren 2012. Føremålet er å få i gang drifta før sommaren. Næringsverksemda på garden skal vere tufta på regionen si kulturarv og tradisjonar, med fokus på lokal mat- og handverktradisjon.