Gode sirklar har teke initiativ til ei utvikling som tek for seg heile skulegangen frå barnehage til høgskole- og universitetsnivå. Målet er å utvikle ein kompetansearena der skulane, føresette og næringsliv samarbeider. Tanken er å skape undervising som involverer og motiverer.
Vår viktigaste rolle er å tilføre kunnskap til lokale bedrifter. Vi skal kople kompetanse frå forsking- og utdanningmiljøa med bedrifter, kommunane og andre som etterspør samarbeid med eksterne kunnskapsmiljø. Dette gjer vi i samarbeid med dei ulike partane, ut frå dei lokale og regionale behova ein ser.
Gode sirklar skal bidra til ei utvikling i mangfald som balanserer mellom moderne urbanisme og tradisjonell bygdekultur. Dette vil gjera regionen vår tiltrekkjande å bu i for alle. For å nå målet om å bli ein spanande region der folk ønskjer å busetje seg, treng vi eit mangfald av kvalitative arbeidsplassar.