OM OSS

Kompetansedriven næringsutvikling:

Gjennom Gode Sirklar AS går Sund, Fjell og Øygarden opp nye vegar for å tilføra regionen forskningsbasert kunnskap og kompetanse på internasjonalt nivå. Dette skjer i hovudsak gjennom tre satsingsområde:
• næringsutvikling
• utdanning
• stadutvikling

Kommunane eig og legg rammene, medan SINTEF har ansvar for utvikling og drift av selskapet. Samarbeidet er formalisert gjennom ein partnarskapsavtale mellom SINTEF og dei tre kommunane.

Verksemda er karakterisert av initiering og gjennomføring av utviklingsprosjekt der også tredjepartar bidrar med finansiering. Den viktigste oppgåva til selskapet er å kopla utdanning- og forskingsinstitusjonar til vårt regionale næring- og samfunnsliv. SINTEF skal tilføra selskapet forskningsbasert kompetanse frå eigen verksemd og andre FOU-miljø. Selskapet har hittill utløyst over 100 millionar i utviklingsmidlar.

VERDIANE VÅRE:
• Tett på!
• Samskapande!
• Friskt!