NYHETER

Inviterer til workshop om reiseliv

Gode Sirklar vil invitere nøkkel- aktørar til ein workshop om Kyst- eventyret. Men først er det høgsesong for reiseliv og Fiskar- bondens Marknad .


Styret i Gode Sirklar ønskjer å invitere nøkkelaktørar i reislivsnæringa, samt Bergen Reiselivslag og den politiske leiinga i Fjell, Sund og Øygarden, til ein workshop etter sommaren. Føremålet er å finne gode løysing- ar på korleis Kysteventyret skal posisjonere seg i ei felles organisering med Bergen Reiselivslag.
Signala frå Hordaland Fylkeskommune går i retning av at Kysteventyret kan få ei rolle når det gjeld kysttema, og at Kysteventyret skal bidra til utviklingen av kysttemaet for fleire kystkommunar enn Fjell, Sund og Øygarden.


Gode Sirklar ønskjer å ta ein proaktiv rolle for å få til dette.


- Vi vil få fram moglegheitene som ligg i dette gjennom ein slik workshop, og forankre ideane, sei- er dagleg leiar Sigmund Kvernes.


- Workshopen handlar om kva for ståstad reise- livet i regionen Sotra og Øygarden skal ha i ei ny, Kontakt oss: Gode Sirklar AS, postboks 289, 5342 Straume. telefon: 56320200 Vi held til i Fjell Rådhus. Kontaktinfo finn du på: www.godesirklar.no større organisering. Det er særs viktig at vi klarer å mobilisere og at alle nøkkelaktørar er med, slik at vi sikrar ei god posisjonering av Kysteventyret i Bergen Reiselivslag, seier prosjektleiar Line Steinsland Mosnes.


Mellombels går reiselivsnæringa inn i høgsesongen med sommarturisme, og Kysteventyret blir drive vidare med dei små ressursane ein har, opplyser Kvernes. Laurdag 1. juni samlar 11 mat- og hand- verkaktørar seg på Fiskarbondens Marknad i Sartor Storsenter. Her kan du til dømes kjøpe lokalprodu- serte trekassar til å plante blomar i, handlaga sko, klippfisk, sveler, lynghonning frå Sotra og andre godbitar, strikkeprodukt, handmala silkeskjerf, vugger, postkort og bilete frå regionen.

NYHETSBREV