NÆRINGSUTVIKLING

Vår viktigaste rolle er å tilføre kunnskap til lokale bedrifter. Vi skal kople kompetanse frå forsking- og utdanningmiljøa med bedrifter, kommunane og andre som etterspør samarbeid med eksterne kunnskapsmiljø. Dette gjer vi i samarbeid med dei ulike partane, ut frå dei lokale og regionale behova ein ser.

REISELIV

Kysteventyret er destinasjonsselskapet til Fjell, Sund og Øygarden, og vart starta i 2009. Føremålet er å fremje reiselivet i regionen, og prøve ut nye former for organisering. Det gjer ein i samararbeid med andre destinasjonar, Fjord Noreg, Visit Norway (Innovasjon Norge), NCE Reiseliv med fleire.Målsetjinga med Gode sirklar sitt arbeid i 2012 er å få Kysteventyret til å bli eit sjølvdrive selskap som kan tena alle reiselivsaktørane i vår region. Line Steinsland Mosnes leiar prosjektet.


Marint industrinettverk i regionen

Sotra Marine Industrinettverk (SMI) ønskjer å utvikle ei sterk marin klynge. SMI vart etablert på tampen av 2009 og har i dag 20 medlemsbedrifter, frå fiskeri og oppdrett til restaurant og kafédrift. Gode Sirklar har vore ein pådrivar for å få etablert og utvikla nettverket. Det vil bli drive vidare som ei undergruppe av Vest Næringsråd, under namnet Sjømatgruppen VNR.


BIOPARK PÅ SKAGANESET

Gode Sirklar er sterkt involvert i arbeidet med å etablere ein marin biopark på Skaganeset. Det er eit leiande miljø innan forsking-, næring- og bioteknologi i Bergensregionen, og tilhøva på Skaganeset er gode for eit slikt senter. Her ligg frå før bedrifter som følgjer fisken frå sjøen til matfatet. Her ser ein mellom anna føre seg eit pilottestanlegg, der nye produkt kan prøvast ut. Ein jobbar no med eit forprosjekt, og planen for gjennomføring av hovudprosjektet skal vere klar 19. mars. Prosjektleiar er Ove Rustung Hjelmervik.


KOMPETANSEFORUM VEST

Er ei samling bedrifter knytt til teknisk og mekanisk industri. Målet er å auke konkurranseevna til bedriftene gjennom samhandling. Prosjektet vart etablert som eit samarbeid mellom Gode Sirklar, industribedriftene og Høgskolen i Bergen. Ivan Ole Moldskred er prosjektleiar. Det har vore arrangert fleire samlingar, med anna Industrikafe, for å auke kompetansen hjå medlemene. Forumet er i ferd med å bli ei bransjegruppe under Vest Næringsråd, og har teke namnet VNR Verkstedsgruppen.


NÆRINGSUTVIKLING I ØYGARDEN

Gode Sirklar er involvert i fleire prosjekt i Øygarden. Vi bidreg i arbeidet med å få etablert ei vindkraftklynge på Kollsnes, og bistår Øygarden kommune med å utarbeide ein strategisk næringsplan. Gode Sirklar er og involvert i arbeidet med å få etablert ein kystnotbåt. I januar 2012 vart det gjennomført ein studietur for byggentreprenørar, der Vestkystbygg på Tjeldstø deltok.


VINDKRAFTBASE PÅ KOLLSNES

CCB Kollsnes ønskjer å utvikle noregs første vindkraftbase på Kollsnes. I samband med Gode Sirklar, vert det laga ein plan for området, som omhandlar tre fasar fram mot 2020. Målet er å skape ei sterk klynge av bedrifter som i fellesskap kan levere vindkraftrelaterte produkt og tenester til Europa. Prosjektleiar er Arnt Ivar Kverndal.


FORLANDSVÅGEN

Gode Sirklar er involvert i arbeidet med å gjere Forlandsvågen meir tilgjengeleg for ålmenta, for å møte framtidig vekst i søre delen av Sund kommune. Førdesveten og omkringliggjande fjellområder er frå før godt utvikla med turstiar frå fleire av bygdene omkring. Dei fine svaberga er lite tilgjengelege, og ein ønskjer å utvikle ein kyststi som gjev tilgang for soling, bading og fiske frå land. Ei sandstrand til heilårsbruk vil og koma til dømes skular, barnehagar og kajakkpadlarar til nytte. Grunneigarane er samde om å lage ein områdeplan. Dette arbeidet startar våren 2012.